Det er stor byggeaktivitet i selskapet for tida, og vi gler oss til nye anlegg i Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane er på plass!
Den nye miljøstasjonen på Mjølstadneset veks fram dag for dag, og vil truleg stå klar for opning i desember 2016. Miljøstasjonen blir eit stort løft for herøyværingane med nytt og moderne anlegg med hall, bemanna greinplass, vekt og utvida opningstider.
Denne veka starta også arbeidet med utbygging av nytt hovudanlegg i Saunesmarka med ny miljøstasjon og nytt administrasjonsbygg. Anlegget er tilpassa framtida og den store utviklinga vi opplever i avfallsbransjen med sortering og omlasting av stadig fleire fraksjonar. Det nye administrasjonsbygget blir også eit stort løft for dei tilsette, spesielt med tanke på nye garderobefasilitetar og kontor. Det blir også mykje meir tilgjengeleg og innbydande for besøkande og kundar med resepsjon, venteplass og eit inspirerande besøksrom som vi kan nytte til mellom anna miljkommunikasjon med barn og unge. Anlegget i Saunesmarka skal etter planen vere ferdig hausten 2017.
Sande får også ny miljøstasjon med vekt, hall, bemanna greinplass og noko utvida opningstid. Arbeidet med denne stasjonen har foreløpig ikkje starta.