I 2015 samla innbyggjarane i Hareid, Ulstein, Sande og Herøy i snitt inn 6,29 kg tøy i dei lokale Fretex- og UFF containerane som er plassert ut i kommunane.
SSR gjer oppmerksam på at ein kan levere alt av tekstilar, tilbehør og sko i containerane. Sjølv om tøyet er slitt og øydelagt, kan det brukast til for eksempel pussefiller eller redesignprodukt. Det som ikkje blir nytta går til energigjenvinning. Tøyet må derimot vere reint og tørt.
Det er fyrste året Søre Sunnmøre Reinhaldsverk har fått tal for innsamla tøy i regionen, men vi opplever at folk er flinke til å levere inn brukt tøy. I tillegg ser vi ei auke av omsetting av brukte klede, sko og sportsutstyr gjennom sosiale mediar og på gjenbrukssider som Finn.no. Det er ikkje lenger «flaut» å kjøpe brukt, og spesielt no i det nydelege vinterveret som vi har hatt dei siste vekene, ser vi stor aktivitet på bruktmarknaden når det gjeld vintertøy, skeiser, akebrett og skiutstyr. Ei familie kan spare mykje pengar på å kjøpe brukt i staden for nytt, i tillegg er det eit miljøvenleg alternativ!