Minner om at neste veke er vi på Kvamsøy onsdag og torsdag på Sandsøy for å ta imot grovavfall og EE-avfall!
Vi er på plass frå kl. 12.30 til kl. 18.30. Den 16. september vert vi på Kvamsøy ved fergekaia.
Den 17. september vert vi på Sandsøy ved Coop Marked Sandsøy.
Her kan privatpersonar også levere måling, olje og anna farleg avfall (ikkje eksplosivar). EE-avfall, farleg avfall og metall er gratis å levere for privatpersonar. For grovavfall er minsteprisen ved levering 65,- inkl. mva.
Det vert rekna pr 0,1 kubikkmeter (54,- inkl. mva pr 0,1 m3) med avfall der 1 kubikk med grovavfall kostar 535,- inkl. mva.