Alle kan delta og vinne i lotteriet - privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. Årleg blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar á kr. 10.000 og 4 premiar á kr. 100.000.
For å delta må du skylle, brette og stappe minst seks drikkekartongar i ein sjuande til ein kubbe. Korkar og lokk kan henge utanfor. Deltakar skriv på tydeleg namn og telefonnummer på den dei ønskjer skal vinne. Skulemelkkartongar og små juicekartongar er også ein del av Returkartonglotteriet og det er mange skular som vinn! For skulemelkkartongar/små juicekartongar gjelder fire kartongar oppi den femte.
Kubbane blir trekt på 86 forskjellige stadar, spreidd over heile landet. Her blir det trekt mellom ein og sju kubbar avhengig av innbyggartal, til saman inntil 188 kvart kvartal. Disse går vidare til nasjonal trekning, der det kvart kvartal blir trekt 30 premiar à kr. 10.000,- og 1 premie à kr. 100.000,-.
Takk for at du kjeldesorterer!