Saman tek vi vare på ressursane

Strandryddedagen og rydding til 17. mai 2015

14. april 2015 av Linn Urke Osnes


 foto strandryddedagen
 Foto: Martine Holm

Strandryddedagen er ein årleg, landsomfattande miljøaksjon der vi ryddar Noregs strender fri for plast og søppel. Hold Norge Rent starta denne aksjonen i 2011, og den har vakse kvart år.

For fjerde år på rad blei det sett ny rydderekord på Strandryddedagen i 2014 med heile 12 191 personar ute og rydda. I alt blei 522 strender, som til saman dekkjer 320 000 meter kystlinje, rydda for søppel. 14 000 sekkar med søppel blei fjerna og meir enn 20 000 frivillige timar blei lagd ned i strandrydding i 2014. Aldri før har så mykje søppel blitt funne, og aldri før har så mange strender blitt fri for plast og søppel. Det blir rydda i alle fylker, og engasjementet er stigande over heile landet!

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk ynskjer bidra til Strandryddedagen 2015 ved å motivere lokalbefolkninga i kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy til ein storstilt ryddeaksjon av strandlinja vår i veke 19 og 20. Vi stiller også med sekkar, og tek imot avfallet vederlagsfritt.

Vi oppfordrar privatpersonar, lag og organisasjonar, barnehagar og skular å vere med på denne miljødugnaden og gjere ein forskjell!

Praktisk informasjon:
-
Sjølve Strandryddedagen er laurdag 9. mai, men aksjonen pågår veke 19 og 20.
- Eigne sekkar til strandryddedagen får de med SSR eller på servicekontora i dei ulike kommunane.
- De nyttar sekkane til innsamling, men vi oppfordrar til å sortere ut resirkulerbart materiale som plast, papp, metall og liknande når de kjem til miljøstasjonane for levering. Farlig avfall skal leverast som spesialavfall på miljøstasjonane.
- Eige registreringsskjema må fyllast ut for å kunne levere avfallet vederlagsfritt (Dette gir også godt grunnlag for kunnskap om kva type avfall som blir funne på strendene og blir vidarerapportert til Hold Norge Rent).
- Avfall kan leverast vederlagsfritt til dei lokale miljøstasjonane i Saunesmarka, Larsnes eller Eggesbønes i opningstida. 

 
foto 17. mai
 Foto: Vasco Pinhol
 

Det er mykje betre å feire 17. mai i eit reint og søppelfritt miljø! Bli med på ein lokal ryddedugnad langs 17. mai-togruta og på offentlege plassar der feiringa skjer, slik at det blir reint og fint til den store festdagen! 
 
SSR oppfordrar grendalag, lag og organisasjonar, barnehagar og skular til å vere med!

Praktisk informasjon:
-
Aksjonen pågår i vekene 19 og 20 (avfall blir ikkje samla inn etter fredag 15. mai).
- Eigne sekkar til 17. mai-rydding får de med SSR eller på servicekontora i dei ulike kommunane. SSR samlar ikkje inn store gjenstandar som for eksempel møblar, pallar og liknande, eller farlig avfall i 17. mai-ryddeaksjonen.
- Ved henting av sekkar, registrerer de ein kontaktperson med telefonnummer og området de vil rydde.
-  Etter oppryddinga, samlar ein avfallsekkane og gjer ein avtale med SSR, tlf 70007050 om når og kvar, sekkane skal hentast. Hentepunktet må vere ein plass der bosbilen kjem til (ved rute på rutedag). Ein kan også levere avfallssekkane på dei lokale miljøstasjonane i Saunesmarka, Larsnes eller Eggesbønes.  

Takk for at du bidreg i ryddeaksjonane!