Saman tek vi vare på ressursane

Miljøfyrtårn styrkjer miljøarbeidet vårt

Utdeling plakett miljøstasjon breiddebilde

Frå venstre: Einar Heimdal, seniorrådgivar i SSR, Andrea Ø. Sæverud, dagleg leiar i SSR og Stian Skorgen Scheide, ordførar i Ulstein kommune. 

SSR er i ein bransje der det heile tida skjer noko nytt. Det blir stilt strenge krav til jobben vi gjer, og korleis den påverkar miljøet. SSR blei Miljøfyrtårnsertifisert hausten 2025, og med ei sertifisering i hus, blir vi meir skjerpa. Vi får betre oversikt over miljøarbeidet vårt, både når det gjeld klima, miljø og arbeidsmiljø. Samtidig får vi eit godt verktøy for å vurdere om vi er på rett veg til å nå måla vi har sett oss. Å vere Miljøfyrtårn forpliktar, samtidig som det gir oss ei tydeleg retning for vegen vidare.

Dette ønskjer vi å oppnå:

  • Redusere klimautsleppa frå transport og maskiner.
  • Ta i bruk meir miljøvennlege løysingar i drifta.
  • Leggje til rette for miljøvennlege reisevanar blant tilsette.
  • Sikre eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ha open dialog med innbyggarar, kundar og eigarkommunar om klima- og miljøarbeidet vårt.

Nokre av tiltaka vi arbeider med:

  • Gradvis overgang til elektriske bilar, truckar og maskiner.
  • Redusere drivstofforbruket gjennom betre ruteplanlegging og flåtestyring.
  • Bruke meir miljøvennlege vaskemiddel der det er mogleg.
  • Oppmode til samkøyring, sykling og bruk av elbil, og leggje til rette med sykkelstativ og ladestasjonar.
  • Styrkje arbeidsmiljøet gjennom kurs, opplæring og kompetanseutvikling.
  • Innhente innspel frå innbyggjarar og andre interessentar for å bli endå betre.

Gjennom Miljøfyrtårnsertifiseringa forpliktar vi oss til å arbeide målretta med berekraft og stadig finne nye måtar å redusere miljøpåverknaden vår på.

Les også: Grønt hurra!

 

miljofyrtarn-sertifisert-verksemd-vertikal-RGB

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er ei nasjonal ordning som tilbyr eit konkret sertifiseringsverktøy og eit effektivt miljøleiingssystem. Sertifiseringa skal hjelpe verksemder med å redusere miljøbelastinga, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. Sertifiseringa er godkjent av EU og anerkjent som ein offisiell miljøstandard i Noreg.

Kjelde: miljofyrtarn.no