Gjenbruk og ombruk
Mykje av det vi kastar kan få nytt liv gjennom gjenbruk og ombruk. Heldigvis har vi blitt mykje flinkare å selge, bytte og gi vekk klede, sportsutstyr, møblar m.m. Ved å bruke nettsider og sosiale mediar, er det lett å omsette og kjøpe brukte varer. Noko som ikkje lenger har verdi for deg, kan vere ein skatt for andre!
Ombruk har også blitt meir populært, og stadig fleire ser verdien av å lage noko nytt av noko brukt. Redesign av klede og møblar er i vinden som aldri før og det er berre å hente tips frå bloggar og nettsider eller la kreativiteten få blomstre fritt!
Lever kle og tekstilar til gjenbruk
Å produsere kle er ressurskrevjande. Difor er det best for miljøet at du brukar tekstilane dine så lenge du kan og reparerer om det er mogleg. Når du ikkje ønsker å bruke tekstilane dine lenger, leverer du det som er heilt, reint og tørt til gjenbruk i ei av dei mange innsamlingsboksene der du bur. Det er ei gåve til innsamlarane og til miljøet!
Tekstilinnsamlarane samlar inn fleire tonn med testiler kvar dag. For å gjere det enkelt å gi, har aktørane gått saman om Tekstilaksjonen, ein hugseregel som skal gjere det lettare for deg å vite kva du kan levere til innsamling. Du treng berre hugse desse tre orda: heilt, reint og tørt.
HEILT
Det du leverer skal vere heilt. Eksempel på det som ikkje kan leggast i innsamlingsboksene er:
- Øydelagde og utslitne kle
- Syntetiske kle med nuppar
- Kle som har øydelagt passform
- Kle med store hol som ikkje kan reparerast.
REINT
Det du leverer skal vere reint og ikkje brukt. Tekstilane må vere vaska. Eksempel på kva som ikkje skal i innsamlingsboksene er:
- Brukt undertøy
- Kle og tekstilar med sterk lukt. Det kan smitte over på anna tøy.
- Kle og tekstilar med flekkar som ikkje gjeng vekk i vask.
TØRT
Det du leverer skal vere tørt. Om du legg fuktige tekstilar i innsamlingsboksa vil fukt smitte over og øydelegge andre tekstilar. Unngå derfor å setje det du skal donere på ein fuktig eller våt stad over lengre tid før du leverer til innsamling.
- Sikre at alle tekstilane du leverer er tørre
- Ikkje sett posen utandørs eller ein stad kor det er veldig fuktig.
Kvar er din nærmaste kleskonteinar?
På lenkene under finn du interaktive kart frå Fretex, Fileks og UFF. Her finn du oppdatert informasjon om kvar dei ulike aktørane har plassert sine kleskonteinarar.