Slamtøming
Det er Franzefoss Gjenvinning som utfører slamtøming for Hareid, Ulstein, Sande og Herøy. Trykk her for å lese meir om korleis du klargjer tanken din for tømming.
Har du fleire spørsmål eller hastar det? Då kan du kontakte dei via e-post eller telefon:
E-post: slamtomming@franzefoss.no
Telefon: 99 08 12 80
Ekstratøming og naudtøming
Abonnentane har ansvar for å gjere Franzefoss merksam på tømebehov utanom fastsett rute og tømefrekvens.
Ekstratøming skal vere utført seinast 96 timar etter at ekstratøming er bestilt. Prisen for inneværande år (2024) er kr. 3000,- inkl. mva.
Naudtøming skal vere utført innan 4 timar etter at naudtøming er bestilt. Prisen for inneværande år (2024) er kr. 5820,- inkl. mva.
I kommunane Herøy og Sande, er det dei respektive kommunane som har forskrift for slamtøming.