Saman tek vi vare på ressursane

Takk for at du kjeldesorterer

Vi må ta vare på ressursane

Men kva meiner vi eigentleg med å ta vare på ressursane? Og kvifor er det så viktig? Her får du fem gode grunnar. 

 

  1. Sortert avfall har ein verdi fordi det kan bli til noko nytt

    Tenk at vi kan ta ei Grandiosa-eske, putte den i eit vassbad og lage NYE kartongar av den! Når vi i tillegg veit at vi nordmenn et omtrent 25 millionar grandisar i året, så er det 25 millionar argumenter for at vi må sortere pappen vår.

  2. Når vi brukar noko om igjen slepp vi å ta nye naturressursar frå kloda vår

    "Fremtidens råvarer er resirkulerte", sier bransjeorganisasjonen vår Avfall Norge, og har forhåpentligvis heilt rett i det. For kvar gong vi kjeldesorterer og gjenvinn avfall, slepp vi å ta enda meir av jordas verdifulle og knappe ressursar. Aluminiumsproduksjon frå rein malm aleine blir sagt å stå for ÉIN prosent av verdas klimagassutslepp. Tenk det! Då er det bedre å kaste makrell-i-tomat-boksa i returpunktet for glas- og metallemballasje nær deg. 

  3. Éin matavfallspose = to gevinstar!

    Mange veit nok at matavfallet vi samlar inn blir til biogass. Men visste du at det også blir til gjødsel? "Bioresten" som er att etter biogassproduksjonen er ein kraftig og næringsrik gjødsel som blir brukt av bønder. Denne gjødselen er full av fosfor, nitrogen og andre viktige mineral som matjorda treng for å dyrke fram nye varer neste sesong. 
  4. "Ny" plast hindrar utslepp

    Mykje av plastemballasja vert sortert feil – i restavfallet. Då går den til forbrenning. Sidan plasten blir laga av olje, blir det mykje Co2 når den blir brent. Kvifor ikkje sortere plastemballasjen rett i staden? Då kan din gamle plastemballasje bli til "ny" plast, og ein kilo gjenvunne plast sparar verda for å bruke av to kilo olje. Det er eit reknestykke som går opp.
  5. Fordi vi må – og det nyttar!

    Du kan like det eller ikkje, men kjeldesortering er kome for å bli. Kvart år brukar vi meir av kloda enn den klarar å fornye, og til slutt kjem det til å verte tomt. Løysinga er like enkel som den er vanskeleg: Vi må bruke, lage og kjøpe mindre, og kjeldesortere og gjenvinne så mykje som mogleg. Både avfallet heime og andre stadar.


Visste du at ...

  • 75 % av all aluminium produsert er framleis i bruk?
  • All innsamla glasemballasje blir gjenvunne?
  • 760 resirkulerte aluminiumsboksar kan bli ein sykkel?
  • I Noreg kjeldesorterer vi nok metallemballasje til å lage 300 000 syklar kvart år? 
  • Kvar nordmann kvittar seg i snitt med ca. 140 drikkekartongar i året?
  • Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarar ein skog på storleik med 230 fotballbanar?
  • Gjenvunne garn frå fiskeri kan bli til ein stol?
  • Mengda papir som blir gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslipp som frå 35 000 bilar?
  • 325 bruskorkar kan bli ein elevstol?
  • Ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar vi så mykje som 2 kg olje?
  • I 2021 kasta vi 143 000 tonn EE-avfall?
  • 79 % av EE-avfallet blir materialgjenvunne?