Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Greinplassen open ut september

aug 25, 2025, 15:00 e.m. by Nina Sævik

Greinplassen på Eidet vil vere døgnopen ut september. 

Dette må du vite før du tek i bruk greinplassen:

  • Gras, blad, greiner og stammar under 25 cm i diameter er gratis å levere for privatpersonar. Røter, stammar over 25 cm i diameter og jord (aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kostar kr 1,40 per kg, og skal leverast på miljøstasjonen.
  • Ved bruk av firmabil, lastebil eller traktor er ein definert som næringskunde, og SSR er plikta å ta betalt for det du leverer.
  • Næringskundar kan bruke greinplassen etter avtale, og skal betale for alt hageavfall dei leverer. Kontakt SSR på 90 95 57 81 / bedrift@reinhaldsverket.no for å opprette avtale.
  • På miljøstasjonen i Saunesmarka vil ein kunne levere hageavfall året rundt, men bruk helst greinplassen i sommarhalvåret.
  • Har du svartelista planteartar i hagen din, lever desse i eigen konteinar/dunk på miljøstasjonen eller på Eidet. Då gjer du ein innsats for å sikre den naturlege vegetasjonen i nærområdet. Les meir: Har du ein versting i hagen?
  • Og til slutt – plast er plast, og ikkje hageavfall. Fjern plastposar og plastkrukker før du leverer frå deg hageavfallet.

Sjå også: