Nyhende
Greinplassen stenger for sesongen tidleg måndag 29.09
aug 25, 2025, 15:00 e.m.
by
Nina Sævik
Etter planen skulle greinplassen på Eidet vere open ut september, men sidan vi får besøk av ei omreisande kvern litt tidlegare enn forventa må vi stenge av for sesongen eit par dagar før.
Greinplassen stenger måndag 29. september kl. 08.00. Har du hageavfall som du ønskjer å kvitte deg med etter måndag morgon, er du velkomen innom miljøstasjonen i Saunesmarka. Her kan du levere hageavfall i opningstida mellom kl. 10.00-17.30 måndag-torsdag og kl. 08.00-15.00 fredagar.
Dette må du vite før du tek i bruk greinplassen:
- Gras, blad, greiner og stammar under 25 cm i diameter er gratis å levere for privatpersonar. Røter, stammar over 25 cm i diameter og jord (aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kostar kr 1,40 per kg, og skal leverast på miljøstasjonen.
- Ved bruk av firmabil, lastebil eller traktor er ein definert som næringskunde, og SSR er plikta å ta betalt for det du leverer.
- Næringskundar kan bruke greinplassen etter avtale, og skal betale for alt hageavfall dei leverer. Kontakt SSR på 90 95 57 81 / bedrift@reinhaldsverket.no for å opprette avtale.
- På miljøstasjonen i Saunesmarka vil ein kunne levere hageavfall året rundt, men bruk helst greinplassen i sommarhalvåret.
- Har du svartelista planteartar i hagen din, lever desse i eigen konteinar/dunk på miljøstasjonen eller på Eidet. Då gjer du ein innsats for å sikre den naturlege vegetasjonen i nærområdet. Les meir: Har du ein versting i hagen?
- Og til slutt – plast er plast, og ikkje hageavfall. Fjern plastposar og plastkrukker før du leverer frå deg hageavfallet.
Sjå også: