Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vårryddedagen 19. mars

mar 17, 2022, 10:42 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Har du lyst å vere med å rydde det som ikkje høyrer heime i naturen?

Bli med på Vårryddedagen 19.mars du også! I samband med Hold Norge Rent inviterer vi til rydding før fuglane kjem og hekketida startar. Du kan vere med på ein større ryddeaksjon eller lage din eigen ryddedugnad. Få med deg klassa, vennegjengen eller familien og bidra til ein rein natur for alle. 

 

Kvifor rydde om våren?

  • Vi ryddar hekkeområda før fuglane kjem tilbake.
  • Vinterstormane skyl i land avfall, og MYKJE hamna på avvegar i naturen vår.
  • Du får direkte vere med å gjere naturen reinare.
  • Det er lite som kan måle seg med ein god dose frisk vårluft.
  • Ein alternativ sosial aktivitet som er både lavterskel og gøy!

 

Marint avfall - Runde. (Facebook-innlegg)(foto: Odd Arne Arnesen) 

 

Slik kan du delta:

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Vi oppfordrar alle til å setje av dagen eller nokre timar til å vere med på Vårryddedagen.

  • Finn din nærmaste ryddeaksjon via kartet på Rydde Norge eller kontakt ditt lokale ryddemiljø for meir informasjon om lokale arrangement.
  • Eventuelt, opprett din eigen ryddeaksjon via Rydde Norge og inviter med deg andre.
  • Om du taggar @holdnorgerent og nyttar merkeknaggen #vårryddedagen kan du også delta på Sosiale Media. Tagg gjerne @reinhaldsverket og bruk merkeknaggen #samantekvivarepåressursane også. 
  • Bidra til folkeforskning! Registrer det du finn i Rydde.

 

Rydde-hugseliste

  • Kle deg etter forholda og vêret. (Gode og tette sko er viktig.)
  • SSR og Hold Norge Rent deler ut gratis ryddeutstyr - sjå hentepunkt i Rydde
  • Sikkerheit først! Handter avfall du er usikker på varsomt. Usikker? Kontakt oss.
  • Lever avfallet du har samla kostnadsfritt på våre miljøstasjoner.

 

Og du? Det må ikkje vere nasjonal Vårryddedag for at du kan gjere ein forskjell. Ta  med deg ryddehanskar og pose neste gong du er på tur. Ein aktivitet som både barna og naturen set pris på.

 

God vårryddedag!

 

Facebook_header