Nyhende
Godkjend sekk for asbest kan du kjøpe hos oss
jan 8, 2016, 11:04 f.m.
by
Linn Urke Osnes
Du kan kjøpe sekkar spesialtilpassa for asbest og anna farleg avfall hos SSR. Ta kontakt med oss på 70007050 for bestilling.
Big Bag Asbest – miljøvennleg, hygienisk og rein løysing for transport av farleg avfall, treng ikkje stålbehaldar under transport. Ingen fare for utsiling av farleg avfall under transport.
Dette er den nye måten å pakke, transportere og deponere asbest og andre former for farleg avfall. Testa og godkjend etter FN sine anbefalingar for transport og oppbevaring av “Emballeringsgruppe III” Solid farlig gods. Sekkane har støvtette saumar og ein innersekk (innerliner).
Asbest er ikkje miljøfarleg ved oppbevaring, men det er helseskadeleg ved handtering. Asbest finns i ulike bygningskomponentar, men i uskada form vil normalt sett ikkje asbestfiber løysne og vere farlege. Ved riving og rehabilitering av bygningar løysnar asbestfiber – og asbest er i denne forma helseskadeleg. Asbest må difor pakkast i forskriftsmessig plastemballasje og leverast til godkjent deponi.
Størrelse: 90x90x120 cm