Saman tek vi vare på ressursane

Vi ser etter sjåfør/renovatør i 100 % stilling

4. november 2025 av Nina Sævik

SSR har ledig ei allsidig stilling som sjåfør/renovatør. Vi ser etter deg som er klar for ein aktiv arbeidskvardag og trivst med å veksle mellom ulike oppgåver, både ute på bil og inne på miljøstasjon.

 

Du får desse oppgåvene:

  • Sjåfør ved behov på komprimatorbil og krokbil
  • Arbeid på SSR sine miljøstasjonar og anlegg
  • Renovatør på komprimatorbil
  • Yte god rettleiing og service til kundar

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Sertifikat klasse C og Yrkessjåførkompetansebevis (YSK) er sterkt ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Sertifikat klasse B
  • God fysisk helse
  • Må uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner
  • Utadvendt, engasjert og godt humør
  • Fleksibel og samarbeider godt med andre
  • Ordensmenneske med gode haldningar til HMS
  • Kundevenleg, systematisk og nøyaktig

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Vi tilbyr:

  • Ei allsidig stilling i ein spennande bransje
  • Nye og moderne anlegg
  • Lønn etter avtale, og pensjonsordningar gjennom KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81

Send søknad og CV på e-post til rune@reinhaldsverket.no

Søknadsfrist 23. november 2025.