Saman tek vi vare på ressursane

Er det eigentleg nokon vits?

12. september 2024 av Nina Sævik

– Kva er vitsen med å skrive namn og nummer på drikkekartongane våre, mamma? 

Det er eine dottera til Heidi-Beate Siring Grimstad (39) som stiller spørsmålet, idet ho står ved kjøkenbenken og skriv på ein kubbe med drikkekartongar. Dette er noko Heidi-Beate gjer titt og ofte. Ho minner dottera på at kjeldesortering av drikkekartongar er bra for miljøet, og med namn og nummer på kan det også vere eit pluss for lommeboka.

Kubben gjekk i papirdunken, og ikkje lenge etter kom det ein telefon frå SSR. Heidi-Beate hadde blitt trekt ut som ein av vinnarane av 10 000 kroner i Returkartonglotteriet. 

– Det var ei veldig hyggjeleg nyheit å få ein regntung måndag, smiler Heidi-Beate. 

– Det er jo litt morosamt at eg vann no, rett etter at dottera mi sa at ho ikkje skjøna vitsen med å skrive namn og nummer på kartongane. Om det var akkurat den kubben som blei trekt, veit eg jo ikkje, men no fekk eg i alle fall bevist mi sak. 

For Heidi-Beate har skylja, bretta og skrive namn og nummer på kartongar så lenge ho kan hugse, og i heimen er både ho og mannen, Halvard, ivrige kartongbrettarar. 

Dei tre barna i familien blei sjølvsagt veldig glade for pengepremien, og hos dei står Dyreparken og Legoland øvst på ønskelista. Halvard hadde eit litt meir fornuftig ønske. 

– Han hadde lyst å bruke pengane på asfalt utanfor huset vårt, men det sa eg nei til, ler Heidi-Beate. 

– Vi har landa på at vi skal bruke pengane på noko vi får glede av alle saman. Noko som vi ikkje har unt oss, men som vi har lyst på. Det er mogleg det blir ein sofa til vinterhagen, og så går resten av pengane til sparefondet til neste års ferie, fortel ho.

– Ein ting er i alle fall sikkert – det er vits å skylje, brette og skrive namn og nummer på drikkekartongen, avsluttar Heidi-Beate. 

Påskjønar dei som kjeldesorterer

– Vi er veldig glade for å kunne være med på å påskjøne dei som er flinke til å kjeldesortere, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik.

– Å gjenvinne brukte kartongar er mykje mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Så gevinsten er stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer inn kartongar. Ein mjølkekartong kan brukast på nytt i alle fall sju gongar, til dømes som pizza- og Cornflakes-øskjer eller dorullar, fortel Sævik. 

Fleire trekkingar kvart år

Kvart år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Dei deler ut 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner i året.

Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe, slik det tidlegare var. Alle kartongar med namn og nummer er med i trekkinga av 100.000 eller 10.000 kroner.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta?

Sjå oppskrifta under:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
  • Du kan delta med alle typar drikkekartongar, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.
  • Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.