Saman tek vi vare på ressursane

Greinplassen på Eidet opnar 22. april

19. mars 2024 av Nina Sævik

Frå og med måndag 22. april kan du levere hageavfallet ditt på Eidet. 

 

Opningstider:

Måndag-torsdag: 12.00-19.30
Fredag: 08.00-15.00

Dette kan du levere:

  • Gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kan du som privatkunde levere kostnadsfritt.
  • Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo frå fyrste kilo.
  • Firmabilar, lastebilar og traktorar er rekna som næringskundar og av desse er vi plikta til å ta betalt frå første kilo. Her kan du lese meir om hageavfall.
  • Vi minner også om at plassen framfor porten ikkje kan nyttast som parkeringsplass medan greinplassen er open.