Saman tek vi vare på ressursane

Næringsavfall

SSR samlar inn avfall frå fleire ulike næringsaktørar på Ytre Søre Sunnmøre. Både store verft og små selskap brukar SSR som samarbeidspartnar på avfallshandtering. Det er stadig større krav som blir stilt i forhold til handtering av avfall frå næringsverksemd. SSR er ein av dei større aktørane for næringskundar i kommunane Herøy, Hareid, Ulstein og Sande.

Ta kontakt på telefon 70 00 70 50e-post  eller fyll inn skjema for pristilbod på renovasjonsløysing.
 

 

Bil 23
Foto: SSR

Fullmakt for levering på miljøstasjonen

Næringsaktørar kan også nytte miljøstasjonane våre. Om verksemda ønskjer faktura i staden for betaling på staden, må alle som leverer avfall på vegne av verksemda ha fullmakt.

Levering til SSR sine greinplassar

Næring kan levere hage- og greinavfall på greinavfallsplassane på Mjølstadneset i Herøy og Eidet i Ulstein. Når Eidet er vinterstengd, er det mogleg å levere mindre mengder på miljøstasjonen i Saunesmarka.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

Sjå her for meir informasjon angåande levering av grein- og hageavfall for næringsaktørar