Saman tek vi vare på ressursane

Levering til SSR sine greinplassar:

Næring kan levere hage- og greinavfall på greinavfallsplassane på Mjølstadneset i Herøy og Eidet i Ulstein. Når Eidet er vinterstengd, er det mogleg å levere mindre mengder på miljøstasjonen i Saunesmarka.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

Firmabilar, lastebilar og traktorar blir rekna som næringskundar.

Pris for levering:

Næringskundar betaler for levering av hageavfall frå første kilo. Dersom ein næringskunde ønskjer ettersending av faktura, må han ha med seg fullmakt for levering av avfall. Dette må ordnast med oss på førehand. Næringskundar kan på lik linje med privatpersonar betale med kort på staden og då treng ein ikkje fullmakt.

Gras, blad, greiner og trestammar under 25 cm i diameter kan leverast for kr 1,25 kr per kilo inkl. mva.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringkundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Opningstider

Sjå her for opningstider på miljøstasjonane og greinplassane.

Fullmakt for levering på SSR sine greinplassar

Næringsaktørar kan også nytte greinplassane våre. Om verksemda ønskjer faktura i staden for betaling på staden, må alle som leverer avfall på vegne av verksemda ha fullmakt.

Eidet greinplass