Saman tek vi vare på ressursane

Ryddeaksjonar

strandrydding

Har du lyst til å gjere ein innsats for nærmiljøet?

Her kjem oppskrifta på korleis: 

 

  1. Utstyr!

Hent strandryddesekkar på din nærmaste miljøstasjon. Vi har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gonger og vaskast i vaskemaskin.

 

  1. Plukk!

Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. Hald god avstand til hekkande fuglar og reir. Klikk her for å lese råda frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for korleis ta vare på fuglelivet under strandrydding. 

 

  1. Lever og registrer!

Lever strandryddesekkane gratis på din nærmaste miljøstasjon. Registrer området som er rydda på https://ryddenorge.no/ eller med Rydde-appen. Rydde er eit digitalt verkty som skal hjelpe Hold Norge Rent og frivillige ryddarar å få oversikt over planlagde/gjennomførte ryddeaksjonar og forsøpla områder. Slik blir det lettare for andre å finne kva områder som treng rydding utan at ein nødvendigvis må reise på synfaring fyrst. Pluss at du også bidreg til at Hold Norge Rent får samla inn verdifull informasjon for å halde fram med det viktige arbeidet i kampen mot forsøpling. Her kan du lese meir om Rydde: https://www.marfo.no/artikkel/rydde/ 

 

 

strandrydding2

Tinging av container

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i god tid før aksjonen.

Vi ber om at containerane berre blir brukte til opprydding av det som ligg i grøftene og strandkanten. Har du behov for å rydde garasjen, leverer du direkte til miljøstasjonen. SSR ønskjer å halde fram med å tilby container til strandrydding. Gjer derfor vel og ikkje misbruk ordninga.

Har du planar om å rydde ein plass der du treng båt for å få frakta avfallet til miljøstasjonen? Då kan vi sette deg i kontakt med Skjergardstenesta til Sunnmøre friluftsråd eller den frivillige organisasjonen Fallgard i Herøy som kan hjelpe til med båt. 

strandrydde3 

Takk!

Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.

Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.

Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.

   

Strandryddeveka

- Noreg sin største kollektive ryddedugnad.

 

Strandryddeveka 2022 er delt inn i temadagar som kan vere til inspirasjon, årets temadagar er som følger:

  • fredag 9. september 2022: Tur med meining
  • lørdag 10. september 2022: Tur med meining
  • søndag 11. september 2022: Tur med meining
  • mandag 12. september 2022: Vi ryddar på land
  • tirsdag 13. september 2022: Rydd på heimebane
  • onsdag 14. september 2022: Rydd med jobben
  • torsdag 15. september 2022: Barnas dag
  • fredag 16. september 2022: Studentane sin dag
  • lørdag 17. september 2022: Den store strandryddedagen (ICC/NCC)
  • søndag 18. september 2022: Vi ryddar under vann
 9x16_Strandryddeuka_2022_Nynorsk

Du kan lese meir om Strandryddeveka her.

Vil du vere med i eit nettverk av lokale strandryddarar?

Då anbefaler vi deg å bli med i facebook-gruppa Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal.

 
Her kjem du i kontakt med ein fin gjeng som etter kvart har bygd seg opp god kompetanse på det å finne plast i fjørene våre.

 

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt.

Då er det også fint å kjenne på at ein er fleire som gjer ein innsats.

 

Velkomen inn i nettverket!