Men kva meiner vi eigentleg med det? Og kvifor er det så viktig? Her får du fem gode grunnar av oss for kvifor vi må ta vare ressursane.
Tenk at vi kan ta ei Grandiosa-eske, putte den i eit vanssbad og lage NYE kartongar av den! Når vi i tillegg veit at vi nordmenn et omtrent 25 millionar grandisar i året, så er det 25 millionar argumenter for at vi må sortere pappen vår.
"Fremtidens råvarer er resirkulerte", sier bransjeorganisasjonen vår Avfall Norge, og har forhåpentligvis heilt rett i det. For kvar gong vi kjeldesorterer og gjenvinn avfall, slepp vi å ta enda meir av jordas verdifulle og knappe ressursar. Aluminiumsproduksjon frå rein malm aleine blir sagt å stå for ÉIN prosent av verdas klimagassutslepp. Tenk det! Då er det bedre å kaste makrell-i-tomat-boksa i returpunktet for glas- og metallemballasje nær deg.
Mykje av plastemballasja vert sortert feil - i restavfallet. Då går den til forbrenning. Sidan plasten blir laga av olje, blir det mykje Co2 når den blir brent. Kvifor ikkje sortere plastemballasjen rett i staden? Då kan din gamle palstemballasje bli til "ny" plast, og ein kilo gjenvunne plast sparar vera for bruka v to kilo olje. Det er eit reknestykke som går opp.
Du kan like det eller ikkje, men kjeldesortering er kome for å bli. Kvar år brukar vi meir av kloda enn den klarar å fornye, og til slutt kjem det til å verte tomt. Løysinga er like enkel som den er vanskeleg: vi må bruke, lage og kjøpe mindre, og kjeldesortere og gjenvinne så mykje som mulig. Både avfallet heime og andre stadar.
75% av all aluminium produsert er framleis i bruk?
All innsamla glasemballasje blir gjenvunne?
760 resirkulerte aluminiumsboksar kan bli ein sykkel?
I Noreg kjeldesorterer vi nok metallemballasje til å lage 300 000 syklar kvart år?
Kvar nordmann kvittar seg i snitt med ca. 140 drikkekartongar i året?
Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarar ein skog på storleik med 230 fotballbanar?
Gjenvunne garn frå fiskeri kan bli til ein stol?
Mengda papir som blir gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslipp som frå 35 000 bilar?
325 bruskorkar kan bli ein elevstol?
Ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar vi så mykje som 2 kg olje?
I 2021 kasta vi 143 000 tonn EE-avfall?
79% av EE-avfallet blir materialgjenvunne?