Du kan levere reine og tørre klede og tekstilar samt brukbare sko til UFF, Fileks og Fretex. Dei har plassert ut containerar rundt om i kommunane og er også å finne på miljøstasjonane våre.
Klede og tekstilar treng ikkje vere heile då tøyet blir også nytta til pussefiller og ryer om kvaliteten på kleda ikkje er god. Leverer du klede, tekstilar og sko i desse containerane, er du med på å redusere restavfallsmengda samt bidra til målretta humanitært arbeid.