Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje skal vere rein og tørr. Ta av korkar og lok og skyl emballasjen i kaldt vatn.

Glas- og metallemballasje skal leggast i behaldarar som er utplassert i kommunane. Oversikt og kart over dei ulike punkta finn du under fana Din Renovasjon.

Glas- og metallemballasje

Ja

  • Aluminiumsfolie utan søl
  • Aluminiumsformer
  • Glasflasker utan pant
  • Hermetikkboksar
  • Kosmetikkglas
  • Metall-lok og -korkar
  • Påleggsboksar i aluminium
  • Påleggstubar i metall
  • Syltetøyglas
  • Vin - og spritflasker

Nei

  • Drikkeglas
  • Eldfaste former
  • Keramikk (leverast til miljøstasjon, mindre mengder kan leverast i restavfallet)
  • Lyspærer
  • Lysrør
  • Porselen
  • Speglar
  • Spikar
  • Vindauge