Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen.
Farleg avfall skal leverast til ein miljøstasjon. Her vidarebehandlar vi avfallet på ein trygg og miljøsikker måte. Det er gratis å levere inntil 1000 kg i året med farleg avfall for privat hushaldning.
Bur du på Kvamsøy eller Sandsøy, kan du levere farleg avfall i låst container ved Coop marked. Nøkkel til container får du i butikken.
Vi tek ikkje imot sprengstoff, ammunisjon, fyrverkeri eller nødraketter, ta kontakt med ditt lokale lensmannskontor for å levere dette hjå politiet