Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Få pengar for å rydde

mai 21, 2025, 11:21 f.m. by Nina Sævik

No kan skuleklassar, lag og foreiningar på Sunnmøre søke om motivasjonsmidlar ved å arrangere ein ryddeaksjon i fjøra. 

Dette er eit supert tilbod til dei som ønskjer å gjere ein innsats for naturen og lokalmiljøet, og samtidig tene litt pengar til klubbkassa. 

Søkjarar kan få tildelt 5000 kroner i motivasjonsmidlar viss alle kriterium vert oppfylt.
Søkjarar må:

  • Ha eit organisasjonsnummer (skuleklassar kan bruke skulens organisasjonsnummer).
  • Ha lokal tilhøyre.
  • Rydde i minimum to timar med minimum 10 personar.

Dei som får innvilga søknad vil få meir informasjon tilsendt.

Det er Sunnmøre friluftsråd med støtte frå Miljødirektoratet som lyser ut midlane. Det er begrensa med midlar, og dersom det kjem mange søknader vert organisasjonar som ikkje har motteke midlar før bli prioritert. Søknadane vert i første omgang behandla etter 1 juni. Pulje to av søknader (dersom det er igjen midlar) vert behandla etter 1 juli.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her