Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Fem dunketips i stormen

jan 30, 2024, 21:16 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Dei neste dagane kan det bli orkan i kasta. Då gjeld det å passe godt på dunkane sine, både på hentedag og elles.

Først av alt, vi følgjer nøye med på ekstremvêrvarselet og kan kome til å innstille ruter på kort varsel. Desse tek vi igjen så fort sjansen byr seg.

Her kjem fem tips til godt dunkevett når det bles skikkeleg opp:

1. Har du sjansen til å stå over ei levering av plastemballasjesekken? På svært vindfulle dagar kan dette vere lurt for unngå rømlingar. 

Papir, papp og plastemballasje kan du nemleg alltid levere gratis på miljøstasjonen. Du kan også levere meir enn ein sekk med plastemballasje på neste hentedag.

2. Etter tømming, legg vi dunken ned for å unngå at han tek hjula fatt og stikk av. Finn du ein liggande dunk, er det altså stort sett ein god grunn til det. 

3. Ikkje set ut dunken til tømming allereie kvelden før. Då risikerer du nemleg å gi dunken din ei rimeleg heftig natt, med potensielle skader og forsøpling både for deg og naboen.

4. Fastknytte sekkar og dunkar er vanskelege å frigjere med arbeidshanskar på. Vi har heller ikkje med oss kniv. Dersom du ser deg nøydd til å tjore dunkane fast på hentedag, er det betre å bruke bagasjestroppar. 

5. Blir det endringar i kva dag vi hentar avfallet, får du eit varsel på sms.

Takk for samarbeidet!