Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Meir laurdagsope i Saunesmarka i 2024

jan 2, 2024, 14:01 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Miljøstasjonen i Saunesmarka skal framover halde ope fleire laurdagar enn før. Ordninga er eit prøveprosjekt.

- Vi veit at dette er noko som mange innbyggjarar har lengta etter. I første omgang testar vi ut å ha laurdagsope ein gong i månaden i høgsesongen. Om responsen er god, kan det vere aktuelt å utvide tilbodet endå meir,  seier dagleg leiar i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS Andrea Øien Sæverud. 

Men kva er eigentleg høgsesongen for kasting av avfall på miljøstasjonen? Jau, når det tek til å vårast, ser det også ut til at rydde- og kastelysta livnar til. 

- Då innser mange av oss at vi har ein garasje som burde ryddast, terrasse som burde byggast eller loft som burde tømmast, fortel Sæverud.

Tidlegare har miljøstasjonen i Saunesmarka vanlegvis vore laurdagsopen ein gong i mai og ein gong i september. I 2024 blir dette altså utvida til april, mai, juni, september og oktober. 

Dette er laurdagane du kan legge inn i kalenderen om du skulle trenge deg ein helgetur på miljøstasjonen mellom 12.00 til 16.00: 

  • 13. april
  • 11. mai
  • 15. juni
  • 7. september
  • 12. oktober