nov 24, 2023, 10:26 f.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Eigarkommunane til SSR har no avgjort kven som sit i den øvste leiinga. Det skjedde på det halvårlege møtet i representantskapet torsdag 23. november.
Knut Erik Engh (Ulstein) har hatt leiarvervet dei åtte siste åra, men gir no stafettpinnen vidare til Karl Oskar Sævik (Herøy) som i møtet blei vald til ny leiar av representantskapet i SSR. Bernt Brandal (Hareid) blei vald som nestleiar.
Engh blei samtidig vald som ny leiar av valkomitéen til styret i SSR, saman med Jeanette Teigene (Hareid), Linn Therese Sævik (Herøy) og Dag Vaagen (Sande).
Oppgåva til valkomitéen er å føreslå medlemmer til styret i SSR. Desse må deretter formelt veljast av representantskapet. SSR-styret si oppgåve er å sørgje for at selskapet blir drive etter forventningane og krava frå eigarkommunane.
Representantskapet er selskapet sitt øvste styringsorgan og handsamar rekneskap, budsjett, økonomiplan og andre saker som etter lova eller selskapsavtalen skal godkjennast i representantskapet.
Det er 11 faste medlemmer, og 22 vararepresentantar i representantskapet.
For komande periode (2023-2027), ser lista over dei faste medlemmene slik ut:
- Karl-Oskar Sævik, Herøy (leiar)
- Tine Storøy, Herøy
- Linn Therese Sævik, Herøy
- Børre Oddmunn Haanes Waagan, Herøy
- Knut Erik Engh, Ulstein
- Elisabeth Hoddevik, Ulstein
- Oddvar Gjerde, Ulstein
- Bernt Brandal, Hareid (nestleiar)
- Jeanette Teigene, Hareid
- Dag Vaagen, Sande
- Camilla Auflem Vik, Sande