Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Magien startar på kjøkkenet

jun 8, 2022, 13:48 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

På kjøkkenet samlar det seg mykje avfall, som betyr mykje sortering.

Når vi sorterer på rett måte, kan avfallet kome til nytte igjen, og igjen. Men veit du eigentleg kvar du skal sortere aluminiumsfolie? Eller kva med kaffefilter og tørkepapir? Her har vi laga ein sorteringshjelpar til deg for det mest vanlege kjøkkenavfallet. Ein god plass å starte er å sjå på forpakingar og emballasjar. Dei fleste har eit symbol eller sorteringsmerke på seg, oftast på baksida, som fortel kor ting skal kastast. Sjå berre på sorteringsmerket på bildet under.

 

DSC8178-scaled (2)


1. Aluminiumsfolie og -former 

Sorterer du som glas- og metallemballasje til ditt nærmaste returpunkt

Det er greit om folien er litt svidd, men om metallemballasjen er veldig skitten kan det øydelegge gjenvinninga. Fjern derfor matrestar før du sorterer. Om du ikkje får vekk matrestane kastar du det i restavfall.


Tips: Bruk aluminiumsfolie og -former fleire gongar.

Enda lurare: Erstatt aluminium med alternativ som tek like godt vare på maten. Varm eller steik mat i eldfaste former framfor aluminiumsformer, og oppbevar mat og matrestar i bokser og tome sylteglas.

 

2. Drikkekartongar

Sorterer du saman med papir og papp i blå dunk.

Drikkekartongar blir sortert ut frå papiret og levert til gjenvinning. Plast- og aluminiumsbelegg og plastkork blir skilt ut på gjenvinningsanlegget som tek i mot kartongane.

Tips: Du kan delta i Returkartonglotteriet med mat- og drikkekartongar (kartong for mjelk, jus, tomat, bønner etc.) Skriv namn og telefonnummer på kartongen når du sorterer han, så er du med i trekninga av 124 pengepremiar i løpet av året. 

 

3. Bakepapir.

Sorterer du som restavfall. 

Bakepapir og matpapir inneheld nesten ikkje papirfiber, og er behandla for å tåle fukt og varme. Dei eignar seg derfor ikkje til å bli nye papirprodukt, og skal i restavfall. 

 

4. Brødposar

Sorterer du som plastemballasje, restavfall eller papir, avhengig av kva dei er laga av.

Tips: ein brødpose er sorteringsklar når den er heilt tom for restar. Brødposar laga av både papir og plast går i restavfallet, men du kan skilje ein pose i papir og plast frå kvarandre og sortere delane kvar for seg i papir og plast.

 

5. Tørkepapir og serviettar.

Sorterer du som matavfall.

Matavfallet blir til biogass, kompostjord eller gjødsel. Papphylsa i tørkerullen sorterer du i lag med papp, papir og kartong. 

 

6. Kaffefilter og teposar

Sorterer du som matavfall.

Både kaffifilter og grut, og teposar (så lenge dei ikkje er laga av plast) kastar du i matavfallet. Då blir dei til biogass, kompostjord eller gjødsel.

Tips: For å minske avfallet ditt kan du bruke gjenbrukbare kaffifilter, te i lausvekt og tilsette kaffegrut i komposten - den gir super næring. 

Metallemballasje - spiser leverpostei

 

7. Hermetikk og metalltuber

Sorterer du som glas- og metallemballasje til ditt nærmaste returpunkt

All emballasje i metall, utan om drikkeboksar med pant, skal sorterast som metallemballasje. Husk at emballasjen skal vere tom og rein før du kastar den.

Tips: Tuber, som majones- og kaviartuber, kan du skrape reine ved å presse med ein kniv. Då får du trykt ut og kan ete opp alt i tuba. Då reduserer du matsvinnet også. Vinn-Vinn. Sorter tuba i metallavfall, og plastkorka i plastavfall.
 

8. Glas

Sorterer du som glas- og metallemballasje til ditt nærmaste returpunkt.

Loket på sylteglaset kan du ta av så blir sorteringa i gjenvinningsanlegget enklare. 

Tips: Sylteglas er supre til ombruk. Du kan til dømes oppbevare matrestar eller nistemat i dei.

 

9. Bruk opp alt - alltid

Mat som ikkje kan etast sorterer du som matavfall, men tenk nøye gjennom om du kan ete det før du kastar.  Kva nordmann kastar ca. 80 kg mat i året, av dette er halvparten framleis etande (!). Bruk sansane før du kastar eller putt mat i frysaren så den held seg lenger.

 

Matavfall - halvspist niste

 

Treng du fleire råd?

Då er sortere.no eller Sortere-appen ein lur plass å starte. Der kan du søke opp det du skal kaste, og finne ut akkurat korleis det skal sorterast og leverast i henhold til retningslinjene der du bur. 

 

Kvifor kjeldesortere (1)

Takk for at du kjeldesorterer!

Saman tek vi vare på ressursane.