jan 10, 2019, 09:26 f.m.
by
Andrea Øien Sæverud
MATREDDING: Forfattar Thomas Horne har skrive boka som skal lære oss å ta betre vare på maten vi har i kjøleskapet. FOTO: Snorre Tønset.
No har du sjansen til å lære det som bestemora di truleg var ein resar på: kunsten å ikkje kaste mat.
Brune bananar og slapp asparges blir ofte kasta i staden for å få glede svoltne magar. Hareid folkebibliotek, Ulstein bibliotek og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) har derfor invitert forfattar Thomas Horne til å halde føredrag om matsvinn og kva du kan gjere for å unngå det.
- Vi har blitt kresne. Vi har for god råd, aldri har mat vore billigare. Vi er ikkje flinke nok til å vurdere maten med våre eigne sansar. Er vi i tvil, så kastar vi. Men kor mykje veit du eigentleg om maten du har i kjøleskapet, undrar forfattar Thomas Horne?
Kresne nasar og billig mat
Horne har i boka «Kunsten å ikke kaste mat» gått vitskapleg til verks og samla konkrete tips til oppbevaring, planlegging av innkjøp og kva du kan gjere dersom matvarene har blitt slappe og triste. I fjor kasta hushalda i Noreg 224.000 tonn med mat som fint hadde gått an å ete.
- Det er både eit økonomisk og moralsk problem, meiner Horne.
Alle som vil er velkomne for å plukke opp gode tips frå forfattaren på Hareid folkebibliotek onsdag 16. januar og på Ulstein bibliotek tysdag 22. januar. Begge arrangementa startar klokka 18.00. SSR stiller med gratis datovaflar og informasjon om den nye matavfallsordninga.
Kastar meir enn vi trur
- Det er lett å tenke at det er industrien og daglegvarebutikkane som er dei store syndarane når det gjeld matsvinn. Men faktisk er det vi forbrukarane som er verst, fortel kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i SSR.
Ein fersk rapport utarbeidd av Østfoldforsking på vegner av Matvett, viser at hushalda står for over halvparten av matsvinnet (58 prosent), etterfølgt av matindustrien (24 prosent), daglegvarehandelen (13 prosent), hotell og kantiner (3 prosent) og grossistleddet (2 prosent).
Verstingane er barnefamiliar med to jobbar, god råd og dårleg tid. Dei som kastar minst, er godt vaksne mellom 60-75 år som bur i par utan barn.
- Å kaste mindre mat er noko av det aller beste vi kan gjere for miljøet. Eg gler meg til å få gode tips frå Thomas Horne til korleis vi kan bli flinkare til å ete opp det vi har i kjøleskapet i staden for å spandere det på avfallsdunken vår, seier Sæverud.
FOTO: Kunsten å ikke kaste mat / Colin Eick