Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Klistermerke på dunkane

nov 29, 2016, 15:22 e.m. by Linn Urke Osnes

Kundane våre har fått, eller vil få eit grønt klistermerke på dunken sin med teksta "Denne sida ut mot vegen, takk for hjelpa!"

Klistermerket er ei venleg oppmoding for å få fleire til å setje ut dunken med handtaket ut mot vegen. Vi har full forståing for at dette ikkje er fornuftig i alle tilfelle på grunn av terrenget.

SSR har tilsaman nærare 22000 dunkar som skal tømast, og det er difor til stor hjelp om fleire set handtaket ut. Dette sparer tid og pengar og ikkje minst e...r det eit førebyggande helsetiltak for renovatøren.

Tusen takk for hjelpa!