Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Heldige vinnarar i Returkartonglotteriet!

nov 20, 2015, 15:15 e.m. by Linn Urke Osnes

Bilete av Sigrun Voldsund

Vi gratulerer dei heldige vinnarane Sigrun og Roar Voldsund frå Bølandet med 10.000 kroner i den siste trekninga av Returkartonglotteriet! Dette er den tredje vinnaren vi har i år!
 
Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner kvar og 4 premiar på 100.000 kroner.  Det er med andre ord store sjansar for å vinne gode pengepremiar i Returkartonglotteriet!

Alle kan delta i lotteriet – privatpersonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande. Eit «lodd» er ein kartongkubbe av seks tome og skylde drikkekartongar som er bretta ned i ein sjuande. For skulemelkkartongar gjeld fire tome kartongar inn i ein femte. Korkar og lok kan henge utanfor. Deltakaren skriv namn og telefonnummer på kubben og legg han i den blå dunken.

I Noreg forbruker  vi over to millionar drikkekartongar dagleg, og Returkartonglotteriet er god motivasjon til å kjeldesortere drikkekartongen. Drikkekartong er svært godt råmateriale til å lage mellom anna nye kartongar og teknisk papir. SSR oppmodar alle til å delta i lotteriet men sender ei ekstra oppmoding til alle skular og barnehagar. Det ligg både læring og spenning i å vere med på lotteriet, og dessutan er det heilt gratis å delta!