Saman tek vi vare på ressursane

Har du ein versting i hagen?

22. april 2024 av Nina Sævik

På bildet: Hagelupin.
Fotograf: Lauri Rantala, Lisens CC BY 2.0

Enkelte planter står på ei skummel liste. Desse skal ikkje leverast saman med anna hageavfall. 

Har du hagelupin, rynkerose, eller parkslirekne i hagen? Då må du du vere obs på at desse og fleire andre artar er svartelista. Det vil seie at desse plantene ikkje høyrer heime i den norske naturen og kan utgjere ein trussel mot det biologiske mangfaldet vårt. 

Desse såkalla hageverstingane trivst rett og slett så godt at dei utkonkurrerer andre artar som vi ønskjer å ta vare på. Sjå på plakaten nedanfor eller artsdatabanken.no for fleire døme.

Eitt av dei mest effektive tiltaka for å hindre spreiing av svartelista planter er å pakke dei i ein sekk for seg sjølv og levere dei saman med resten av hageavfallet ditt til eit godkjent mottak, som våre miljøstasjonar og greinplassen på Eidet er. Sekken leverer du i ein eigen merka konteinar eller dunk, då framandartane skal behandlast som restavfall og gå til forbrenning. 

Då er du med på å gjere ein innsats for å sikre vegetasjonen og faunaen som lever naturleg i nærområdet vårt. Tusen takk!

Spør gjerne etter hageversting-brosjyre på miljøstasjonen – så får du med deg ei heim.

Eller klikk her for å opne ein versjon du kan skrive ut sjølv

Hageversting1

 Hageversting2