Lag og organisasjonar kan no søke om å få 7.500 kroner i motivasjonsmidlar ved å arrangere ein ryddeaksjon i nærmiljøet.
Bakgrunnen er at Sunnmøre Friluftsråd har søkt om og fått midlar frå Handelens miljøfond, det såkalla plastposefondet. Pengane skal brukast til å motivere folk til å gjennomføre strandryddeaksjonar i nærområdet sitt. Kvar gong du kjøper eit handlenett i butikken, går to kroner til dette fondet.
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) og Runde miljøsenter er samarbeidspartnarar for prosjektet i kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein.
Søknadsfristen er 15. september, men vurderinga av innsendte søknadar vil skje fortløpande. Søknadsskjemaet kjem du til ved å klikke her.
For å søke om pengar, må de oppfylle desse kriteria:
- Registrert organisasjon/lag med organisasjonsnummer.
- Høyre heime i ein av dei 14 medlemskommunane til Sunnmøre Friluftsråd
- De må arrangere ein strandryddeaksjon før utgangen av 2023 på minimum 2 timar.
- I etterkant må aksjonen bli registrert i www.ryddenorge.no.
- Levere ein kort rapport med blant anna mengde avfall, tidsbruk, tal på deltakarar og kvar det blei rydda.
I kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein stiller SSR med ryddeutstyr og hentar avfallet når aksjonen er over.
NB: Sunnmøre Friluftsråd har eit avgrensa budsjett til prosjektet, så det er ikkje garantert at der er pengar i potten til å støtte din aksjon.
Utbetalinga av motivasjonsmidlar vil berre skje til dei som har fått svar på søknaden om at dei har fått tilslag. Ryddeaksjonen skal skje i etterkant av dette.