Foto: Marte Vartdal
Om du planlegg å reise langt i sommar eller om du føretrekk ein nærtur bak huset, kjem du sikkert til å vere meir utandørs i sommarhalvåret enn vanleg.
Og det skal vi gjere! Naturen er til for å nytast, men vi må også hugse at det kjem nokon etter oss. Kanskje ikkje i dag eller neste veke, men kanskje neste år. Vi ønsker jo at alle skal få oppleve det vi gjer. Derfor er det så viktig at vi forlèt naturen #likefinsomfør.
Kampanja #likefinsomfør er slik sett sjølve nøkkelen til å leve berekraftig.
Å leve berekraftig handlar jo nettopp om at vi skal te oss slik at dei som kjem etter har same utgangspunkt som vi har. På sjøen eller i fjøra. Til fjells og langt frå folk. I utlandet eller i ein by. Det vil kome nokon etter deg.
Du kan til dømes ha ein plastpose i sekken eller veska, så har du alltid noko å samle emballasjen til kvikklunsjen eller ispapiret i. Ved å bruke emneknaggen #likefinsomfør viser du andre at du tek ansvar og er med på dugnaden.
På denne lenka finn du gode tips om korleis du kan etterlate din favorittplass #likefinsomfør.
Foto: Hold Norge Rent
God sommar!
- og takk for at du forlet naturen #likefinsomfør