Saman tek vi vare på ressursane

Nordmenn er i verdstoppen

22. mars 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Vi nordmenn er i verdstoppen på forbruk

Kvart år blir det rekna ein dato for når alle nasjonar sitt forbruk overstig evna jorda har til å reprodusere, den såkalla Overforbrukdagen. Denne datoen har vore i slutten av juli dei siste åra, men ser ein på berre på nordmenn sitt forbruk vil Overforbukdagen kome allereie den 18. april i år. Faktisk så er det slik at om alle skal leve som oss, må vi ha 3,4 jordkloder. 

 

Ferske tal frå SSB viser at i 2021 kjøpte vi nordmenn meir kle og sko enn nokon gong. Berre i våre kommunar Herøy, Ulstein, Hareid og Sande vart det samla inn 244 tonn brukte tekstilar i 2021.

 

Klesproduksjon er ei belasting for miljøet. Det går med store mengder landareal, vatn og kjemikaliar for å produsere kleda vi kjøper - for å ikkje snakke om utslepp ved transport. Likevel så er det billig med klede og vi behandlar dei som forbruksvarer. Det fins unntak, men konsekvensen av overforbruket og masseproduksjonen ser vi ovanfor oftare og oftare. Her kan du lytte til podkasten Oppdatert og lære meir om bakgrunnen til klesforbruket i Noreg: Oppdatert: Moteeventyret som ble til et miljømareritt

 

Tekstil5

 

Kva kan du gjere?

1: Ta vare på det du har. 

Det mest miljøvenlege klesplagget er det du allereide har.

Å produsere kle er ressurskrevjande. Difor er det best for miljøet at du brukar tekstilane dine så lenge du kan og reparerer om det er mogleg. HER finn du gode tips og triks til korleis du kan ta vare på det allereie har.  

 

"Det vi tek vare på blir vi glad i -

det vi er glad i tek vi vare på."

 

2: Minske forbruket

Neste gong du står klar til å handle eit nytt plagg. Still deg sjølv desse to spørsmåla:

-     Trenge eg denne? Eller har eg berre lyst på den? 

Ofte er det stor forskjell på å trenge og å ha lyst på. Om du likevel skal kjøpe, undersøk om du kan kjøpe brukt før du handlar nytt.

Handle med produsentar som har fokus på miljøet. Her finn du ei oversikt over kle som er miljøgodkjende: https://www.framtiden.no/gronne-tips/klar/her-finner-du-miljomerkede-klar.html

 

3: Bytte 

Opprader garderoba di utan å kjøpe nye kle!

Kva med å arrangere byttedag for vennegjengen, klassa eller på arbeidsplassen? Du kan også delta på større arrangement som Den store klesbyttedagen, som blir arrangert 26. mars over heile landet av Naturvernforbunden.  

 

4: Lever til gjenbruk

Når du ikkje ønsker å bruke eller bytte tekstilane dine, leverer du det som er heilt, reint og tørt til gjenbruk i ei av dei mange innsamlingsboksene der du bur.

Tekstilinnsamlarane samlar inn fleire tonn med testilar kvar dag. For å gjere det enkelt å gi, har aktørane gått saman om ein hugseregel som skal gjere det lettare for deg å vite kva du kan levere til innsamling. Du treng berre hugse desse tre orda: heilt, reint og tørt.

Nei takk til:

  • Øydelagde og utslitne kle
  • Syntetiske kle med nuppar.
  • Brukt undertøy
  • Kle og tekstilar med sterk lukt. Det kan smitte over på anna tøy.
  • Kle og tekstilar med flekkar som ikkje gjeng vekk i vask.
  • Fuktige tekstilar.

 

Uten navn (Facebook-innlegg) (3)

  

Lurer du på kvar din næraste kleskonteinar er?

Trykk på lenkene under så kjem du til interaktive kart frå Fretex, Fileks og UFF.

Her finn du alltid oppdatert informasjon om kvar kleskonteinarane står plasserte. 

UFF - fra folk til folk

Fileks - gje det vidare

Fretex - Frelsesarmeen

 

 

Kjelder:
Tekstilaksjonen - https://www.tekstilaksjonen.no/heltrenttort
Famtida i våre hender - https://www.framtiden.no/tema/klar.html
Nrk: https://www.nrk.no/norge/forbruket-oker-i-norge_-_-ma-legge-til-rette-for-et-godt-liv-med-faerre-nye-ting-1.15817668