Saman tek vi vare på ressursane

ALT blådunken vil ha

13. januar 2022 av Marte Vartdal

Dei fleste har ein blå dunk som vert tømd kvar 4.veke. I den blå dunken kan du ha både papp, papir og kartong. Er innhaldet i papirdunken iblanda anna type avfall øydelegg det kvaliteten på det du har sortert og gjenvinningsgrada blir dårleg. Dersom du er usikker på om papiret høyrer heime i papirdunken, er det betre å kaste det i restavfallsdunken. Sjå etter kva det du kastar er merka med. Er det merka med ein av desse tre blå symbola her kan du trygt kaste det i blådunken:

 

AB4CB076-1964-4756-B51A-BBF9635943CD   789B66BB-5782-452E-B16D-8EDA4BDF708C   F6E5A0DB-E991-4DE6-B6A6-2563A0B2D821

 

Det blådunken vil ha:

  • Aviser, vekeblad og reklame
  • Skrivepapir
  • Bølgepapp, pappøskjer og pizzaøskjer.
  • Emballasje av kartong (til dømes til pasta, egg, frokostblanding eller liknande)
  • Drikkekartong (til alle typar melk, drikkeyoghurt, kefir, juice, vin, bønner, tomat, saus og pudding)
  • Hugs å skrive namn og telefonnummer på drikkekartongen: Les meir om returkartonglotteriet her
  • Konvoluttar
  • Pocketbøker utan stiv perm
  • Dorull- og tørkerullhylser

 

Dette kastar du andre stadar:

  • Glansa julepapir, gåvepapir og silkepapir kastar du i restavfall. Det inneheld for lite papirfiber til å bli gjenvunne.
  • Papir og kartong som er tilgrisa med f.eks. matrestar kastar du i restavfallet.
  • Bøker med stiv perm/innbundet kastar du i restavfallet. (du kan rive ut innhaldet og kaste det i blådunken)
  • Bakepapir, matpapir og sandpapir inneheld ordet papir men er eit blandingsprodukt og skal i restavfall.
  • Serviettar og tørkepapir kastar du i matavfall.
  • Våtserviettar kastar du i restavfall.

 

Plast:

  • Plastemballasje vert henta på same dag og med same bil som innhaldet i blådunken.
  • Plastemballasjen kaster du i eigen sekk for plastemballasje.
  • Tom for plastemballasjesjekkar? Trykk HER for korleis du enkelt får tak i nye.
  • Sekken for plastemballasje er blank og har hol så den toler å bli komprimert i renovasjonsbilen i lag med innhaldet i blådunken utan å sprekke. Då blir det enkelt å skilje plastsekkane frå papir, papp og kartong i sorteringshallen.
  • Blådunken kan ikkje innehalde laus plast. Er det anna type avfall i blådunken enn det skal vere, øydelegg det kvaliteten på det du har sortert og gjenvinningsgrada blir dårleg.
  • Redd for at plastsekken skal blåse bort? Ikkje knyt han fast i blådunken. Du får kjøpt krok til plastemballasjesekken på miljøstasjonane våre. 
  • Har du plass i blådunken kan du plassere sekken med plastemballasje i papirdunken, men hugs å knyt han godt att så plast og papir ikkje blir blanda. 

Sekk i papirdunk 

 

Tips:

Har du papp som ikkje får plass i papirdunken, kan du levere dette gratis til miljøstasjonane.

 

Takk for at du kjeldesorterer!