Saman tek vi vare på ressursane

Har du ein versting i hagen?

19. april 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Enkelte planter står på ei skummel liste. Desse skal ikkje leverast saman med anna hageavfall. 

Har du hagelupin, rynkerose, eller tromsøpalme i hagen? Då må du du vere obs på at desse og fleire andre artar er svartelista. Det vil seie at desse plantene ikkje høyrer heime i den norske naturen og kan utgjere ein trussel mot det biologiske mangfaldet vårt. 

Desse såkalla hageverstingane trivst rett og slett så godt at dei utkonkurrerer andre artar som vi ønskjer å ta vare på. Sjå på plakaten nedanfor eller artsdatabanken.no for fleire døme.

Eitt av dei mest effektive tiltaka for å hindre spreiing av svartelista planter, er å levere hageavfallet ditt til godkjent mottak - og dei svartelista artane pakka i ein sekk for seg sjølv. Denne sekken leverer du i ein eigen merka konteinar eller dunk, då framandartane skal behandlast som restavfall og gå til forbrenning. 

Då er du med på å gjere ein innsats for å sikre vegetasjonen og faunaen som lever naturleg i nærområdet vårt. Tusen takk!

Spør gjerne etter hageversting-brosjyre på miljøstasjonen - så får du med deg ei heim.

Eller klikk her for å opne ein versjon du kan skrive ut sjølv.

Hageversting1

 Hageversting2