Saman tek vi vare på ressursane

Miljøkommunikasjon

SSR har som mål å vere ei leiande lokal miljøbedrift med brei kompetanse innan miljøfaglege spørsmål. Vi ønskjer at både privatpersonar, skular, barnehagar, verksemder, organisasjonar og andre skal oppleve SSR som ein ressurs det er naturleg å kontakte for miljøfagleg informarsjon og samarbeid.

SSR ønskjer å vere tilgjengeleg og synlege i form av standar på lokale arrangement, undervisningsopplegg for barn og unge, informasjonsmøte og foredrag. Vi er også alltid opne for gode idèar!

Marte Vartdal er vikarierande kommunikasjonsansvarleg i SSR, medan Andrea er i foreldrepermisjon. Ho tek gjerne imot besøk på anlegget eller tek turen til dykk for å informere om renovasjon, kjeldesortering og andre miljørelaterte tema som er innanfor kompetansefeltet til SSR.

Ta kontakt med Marte på 70007050 eller marte@reinhaldsverket.no.
SSR med stand på Smak av Ulstein