Slamtøming
Det er Franzefoss Gjenvinning som utfører slamtøming for Hareid, Ulstein, Sande og Herøy. Trykk her for å lese meir om korleis du klargjer tanken din for tømming.
Har du fleire spørsmål eller hastar det? Då kan du kontakte dei via e-post eller telefon:
E-post: slamtomming@franzefoss.no
Telefon: 99 08 12 80
Ekstratøming og naudtøming
Abonnentane har ansvar for å gjere Franzefoss merksam på tømebehov utanom fastsett rute og tømefrekvens.
Ekstratøming skal vere utført seinast 96 timar etter at ekstratøming er bestilt. Prisen for inneværande år (2026) er kr. 2840,50 inkl. mva.
Naudtøming skal vere utført innan 4 timar etter at naudtøming er bestilt. Prisen for inneværande år (2026) er kr. 5669,50 inkl. mva.
I kommunane Herøy og Sande, er det dei respektive kommunane som har forskrift for slamtøming.