Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Nytt liv for matavfallet

jan 4, 2019, 11:57 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Potetskrell, kaffigrut og eggeskal frå våre kantar får no sjansen til å leve vidare som biodrivstoff og torvtak.  

- Kundane til SSR har vist at dei er dyktige til å sortere. At vi no får moglegheita til å gi matavfallet vår eit lengre liv ved å kjeldesortere det, er eit viktig steg mot ei meir berekraftig framtid, kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud ved SSR.

Ho har trua på at folk vil meistre den nye ordninga med glans. 

I Ulstein kommune starta sone 5 sorteringa av matavfall allereie i slutten av november, deretter følgde sone 4 i desember og sone 3 i januar. På Hareid har sone 1 første tømming av matavfall 11. februar, sone 2 startar 12. mars.

Deretter går det slag i slag utover våren med sonene i Herøy og Sande. I starten av juli skal alle innbyggjarane i SSR-kommunane ha fått si første tømming av matavfall.

Sei det med posar

Ei lita stund før det er tid for første matavfallshenting i sona der du bur, vil du få utlevert ein ny matavfallsdunk. Opp i den nye dunken ligg ei korg som er fin å ha i kjøkenbenken. Ein rull med grøne posar følgjer med. Når du er i ferd med å gå tom for grøne posar, kan du knyte ein grøn pose på handtaket til dunken. Det er eit signal til renovatøren om at ho eller han skal legge igjen ein rull med grøne posar til deg. Den same ordninga gjeld for plastsekkar, då kan du også knyte ein plastpose eller brødpose på dunken. 

Du kan også hente nye posar gratis på miljøstasjonen i Saunesmarka. Vanlege handlenett kan brukast til å samle matavfall i dersom du ikkje har fleire grøne posar igjen.

Frå epleskrott til hyttetak

matavfall

- Dei grøne posane er laga av resirkulert plast og blir reinska vekk når matavfallet kjem fram til Mjøsanlegget ved Lillehammer. I denne prosessen blir også bleieposane plukka vekk. Matavfallet blir deretter kokt på 133 grader i 20 minutt, før det blir sendt inn i store tankar. Epleskrotten din endar til slutt opp som biodrivstoff, gjødsel, næringsrik jord eller torvtak, forklarer Sæverud.

 
Sidan fire veker kan bli i lengste laget å ligge for brukte bleier, har anlegget ved Lillehammer sagt at dei kan sortere ut posar med bleier frå matavfallet. Elles skal vanleg baderomsavfall gå i restavfall. 

 

-  Andre stader i landet går det heilt fint at typisk baderomsavfall som bind og tampongar går i restavfallet som blir henta ein gong i månaden. For å få minst mogleg å plukke ut av matavfallet, ønskjer vi derfor at slikt blir kasta som restavfall, fortel ho.

 

Tips mot plassangst

Til dei som uroar seg for korleis det skal gå no når restavfallet, papiret og plasten blir henta sjeldnare, har SSR fleire gode tips: 

• Hugs at både aluminiumsfolie, leverposteiboksar, tomme kaviartuber, kylling- og laksefilet-former av aluminium kan puttast i glas- og metall-igloen dersom du skyl dei først.
• Viss du ikkje fyller posane med restavfall sprengfulle, unngår du luftlommer i dunken mellom stappa posar. Då får du plass til meir.
• Dess flinkare du er å sortere ut plasten, dess mindre restavfall får du. Du kan sette ut så mange plastsekkar du vil på hentedagen for papir og plast. 
• Brett alt du kastar i papirdunken heilt flatt, då får du plass til meir. 
• Lag kubbar av mjølkekartongane. Skriv namn og nummer på ein kubbe med minst sju kartongar, då er du med i trekkinga av 10.000 kroner.
• Reduser papiravfallet ved å feste eit Nei takk til reklame-klistermerke til postkassa di. Slike får du på post-i-butikk.
• Har du fleire store pappkasser, kan du sette dei ved sidan av dunken på hentedag, eller levere dei gratis på miljøstasjonen i Saunesmarka.