Saman tek vi vare på ressursane
waste

Ny avfallsordning

Hausten 2018 og våren 2019 blir det innført ei ny avfallsordning med innhenting av matavfall/våtorganisk avfall som eigen avfallstype.

Ny henteordning

ssr_matavfall_undersider_element 23

RESTAVFALL OG PAPIR/PLAST
BLIR HENTA 1. GONG PER MÅNAD


ssr_matavfall_undersider_element 22

MATAVFALL/VÅTORGANISK AVFALL
BLIR HENTA KVAR 14. DAG

DATOAR FOR HENTING ER KLARE NÅR DET NÆRMAR SEG NY ORDNING I DI SONE, HALD DEG OPPDATERT HER:

FØLG MED PÅ ENDRINGAR
I HENTEKALENDER

Tidsplan for
levering/henting

Sone 5 (Ulstein)

Levering av nye dunkar
September / oktober 2018

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
23. november 2018

Sone 4 (Ulstein)

Levering av nye dunkar
November / desember 2018

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
20. desember 2018

Sone 3 (Ulstein)

Levering av nye dunkar
Desember 2018

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
16. januar 2019

Sone 1 (Hareid)

Levering av nye dunkar
Januar 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
11. februar 2019

Sone 2 (Hareid)

Levering av nye dunkar
Februar 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
12. mars 2019

Sone 6 (Herøy)

Levering av nye dunkar
Mars 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
15. april 2019

Sone 7 (Herøy)

Levering av nye dunkar
April og mai 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
28. mai 2019

Sone 8 (Herøy)

Levering av nye dunkar
Mai 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
12. juni 2019

Sone 9 (Sande)

Levering av nye dunkar
Juni 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
27. juni 2019

Sone 10 (Sande og Herøy)

Levering av nye dunkar
Juni 2019

Fyrste henting av matavfall/våtorganisk avfall
12. juli 2019

Kva går i dunken for mat-/våtorganisk avfall?

waste-2

Ja takk

Skrell

Matrestar

Bein

Kaffifilter og kaffigrut

Teposar

Tørkepapir

Egge- og nøtteskal

Skaldyrrestar

Meieriprodukt

Bleier

m.m

waste-2

Nei takk

Potteplanter, grus og jord

Blomsterbukettar

Hageavfall

Kattesand

Snus og sigarettsneipar

Matavfall i emballasje

Bind og tampongar

Nytt utstyr for sortering

ssr_matavfall_undersider_element 28

Ny dunk

Den nye dunken vil ha ein mørkegrå dunkefarge med brunt lok. Dei grøne dunkane til restavfall og dei blå dunkane til papir som vi har i dag, er i ferd med å bli slitne og må etter kvart bytast ut. Med tid blir alle dunkar mørkegrå med forskjellig farge på loka.

ssr_matavfall_undersider_element 29

Oppsamlingsposar

Kvart år får abonnentane tre rullar med oppsamlingsposar til matavfall laga av resirkulert plast. Går du tom, kan du hente fleire rullar på ein av våre miljøstasjonar. Du kan også nytte vanlege handleposar. Hugs å knyte posen godt att med dobbel knute før du legg posen i matavfallsdunken.

ssr_matavfall_undersider_element 210

Matavfallskorg

Du får utdelt ei lita korg som du kan bruke til å samle matavfallet i. Du kan også bruke eige sorteringsutstyr, om du har det.

Dette skjer med matavfallet

ssr_matavfall_undersider_element 211
Matavfallet du sorterer blir til miljøvenleg drivstoff og gjødsel. Biogassen erstattar andre typar drivstoff som har høgare miljø- belastning. Gjødsla fører fosfor og andre næringsstoff frå mat tilbake til jorda og held dei i kretsløpet. Den erstattar også kunstgjødsel. Å lage biogass og biogjødsel av matavfallet gjer at vi får utnytta ressursane betre enn ved forbrenning.
Matavfallet kan på eit seinare tidspunkt få andre behandlingsmåtar enn å bli sendt til biogassproduksjon. Det vert forska og jobba mykje med korleis matavfallet kan nyttast på best mogleg måte. SSR vil til ei kvar tid vurdere behandlingsmåtar ut i frå gitte rammebetingelsar og dei ulike alternativa som til ei kvar tid finst.
waste