Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Tekstilar, klede og sko

Du kan levere reine og tørre klede og tekstilar samt brukbare sko til UFF og Fretex. Dei har plassert ut containerar rundt om i kommunane.

Klede og tekstilar treng ikkje vere heile då tøyet blir også nytta til pussefiller og ryer om kvaliteten på kleda ikkje er god. Leverer du klede, tekstilar og sko til Fretex eller UFF er du med på å redusere restavfallsmengda samt bidra til målretta humanitært arbeid.

Ja

  • Belte
  • Dukar
  • Dyner
  • Gardiner
  • Handkle
  • Klede
  • Mjuke leiker
  • Puter
  • Sengety
  • Sko
  • Smykker o.l.
  • Små tepper

Nei

  • Skitne tekstilar/klede
  • Store tepper
  • Våte tekstilar/klede