Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen.

Farleg avfall skal leverast til ein miljøstasjon. Her vidarebehandlar vi avfallet på ein trygg og miljøsikker måte. Det er gratis å levere inntil 1000 kg i året med farleg avfall for privat hushaldning.

Bur du på Kvamsøy eller Sandsøy, kan du levere farleg avfall i låst container ved Coop Marked. Nøkkel til container får du i butikken.

Vi har ikkje løyve til å ta imot sprengstoff, ammunisjon, ubrukt fyrverkeri eller nødraketter. Dette må du levere tilbake der du kjøpte det. Politiet har heller ikkje løyve til å ta imot slikt.

Farleg avfall

Ja

  • Asbest/Eternitt
  • Bilbatteri
  • Brannslukningsapparat
  • Golvbelegg
  • Impregnert trevirke
  • Kjemikaliar
  • Lakk
  • Løysemiddel
  • Måling
  • Reingjeringsmiddel
  • Sement
  • Spillolje
  • Sprayboksar
  • Termostatar
  • Vindauge med PCB og klorparfin
  • Vindauge/dør med bly

Nei

  • Ammunisjon (leverast til politiet)
  • Asfaltpapp (grovavfall)
  • Asfaltplater (grovavfall)
  • Fyrverkeri (leverast til politiet)
  • Målefiller (grovavfall)
  • Nødraketter (leverast til politiet)
  • Små mengder hard sement (deponi)
  • Sprengstoff (leverast til politiet)
  • Tome malingsspann (grovavfall)
  • Tørka målarkostar (grovavfall)
  • Videokassettar (grovavfall)