Saman tek vi vare på ressursane

Ledige stillingar

Illustrasjon renovasjonsbil og renovatør

 

 

 

KOMMUNIKASJONSANSVARLEG

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. I desse kommunane bor det vel 25.000 innbyggarar.SSR vart etablert i 1980 og hovudkontoret ligg i Ulsteinvik. SSR arbeider med miljø, med spesielt fokus på innsamling og gjenvinning av hushaldningsavfall og avfall frå næring. Kommunikasjon og informasjon ein viktig del av kjerneverksemda og blir tillagt stor vekt.

Oppgåver/ansvarsområde:

- Totalansvar for ekstern kommunikasjon
- Miljøkommunikasjon i barnehagar, på skular, og til andre interesserte grupper, lag og organisasjonar.
- Rådgjeving og sakshandsaming innanfor miljø og kommunikasjon
- Ein del av stillinga vil også omfatte arbeid med næringskundar
- Viktig del av bedrifta si leiargruppeDet kan, avhengig av erfaring og bakgrunn hos aktuelle kandidatar, også vere aktuelt å tilby andre relevante arbeidsoppgåver i selskapet.

Kvalifikasjonar:

- Høgskuleutdanning
- Erfaring med og interesse for kommunikasjonsarbeid
- Genuin interesse for miljøarbeid og framtida
- Dokumenterbar god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode og dokumenterbare pedagogiske evner
- God IT-forståing og erfaring i bruk av data som verktøy
- Interesse og forståing for det selskapet arbeider med
- Erfaring med å arbeide både kortsiktig og langsiktig

Det vil også bli lagt vekt på:

- Gode samarbeidsevner samt evne til å arbeide sjølvstendig
- Kommunikative evner og servicevilje
- Analytisk evne, god talforståing, strukturert arbeidsmåte og fleksibilitet
- Godt humør og inkluderande haldning
- Eventuell erfaring frå bransjen eller nærliggande område

For stillinga gjeld vanlege arbeids- og tilsetjingsvilkår, inkl. god pensjonsordning. Lønn etter avtale.

Vi kan også tilby mange interessante utfordringar i ein hektisk kvardag i spenningsfeltet mellom offentleg og privat verksemd, samt eit godt arbeidsmiljø.

Meir opplysningar kan ein få med dagleg leiar

Einar Heimdal på telefon 70 00 70 50 / 91 68 90 15 eller kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes på telefon 70 00 70 50 / 47 38 60 97.

Søknad med cv kan sendast på e-post til

einar@reinhaldsverket.no.

Søknadsfrist: 4. mai 2018

i 100% stilling

firmapost@reinhaldsverket.no Tlf: 70 00 70 50 reinhaldsverket.no

 

Lærlingar

1 stilling innanfor gjenvinningsfaget og 1 stilling innanfor kontor og administrasjon.

Arbeidsoppgåver gjenvinning:

- Renovatør på renovasjonsbil- Kundemottak på vekt (på miljøstasjonane)
- Servicemedarbeidar på miljøstasjonane
- Grovsortering
- Orden og vedlikehald- Transport- og logistikkoppgåver
- Arbeid med farleg avfall
- Etter kvart kanskje også truck, hjullastar og sorteringsmaskin
- Diverse oppgåver

Arbeidsoppgåver kontor og administrasjon:

- Sentralbord/kundebehandling
- Møteorganisering
- Bemanningsplanlegging
- HMS, IKT og ISO-sertifisering
- Offentlege innkjøp og ulike prosjektoppgåver
- Økonomi og personalarbeid
- Kommunikasjon og ekstern miljøformidling
- Lover og reglar
- Diverse oppgåver

Kvalifikasjonar:
- Kunnskap om og intressert i data/IKT- God i norsk (og gjerne engelsk) og rekning/matematikk- Må ha sertifikat for bil og dermed vere over 18 år eller oppfylle dette kravet like etter tilsetjing- Vere interessert i miljø og gjenvinning- Forstå grunnleggande økonomiteori (gjeld kontor og administrasjon).

Det vil også bli lagt vekt på:

- Lavt fråver, punktlegheit og at ein er morgonfrisk- Godt humør, er omgjengeleg og kommuniserer godt både internt og eksternt- Gode haldningar til sikkerheit og HMS-arbeid- Nøyaktigheit og at ein er både lærevillig og initiativrik.

For stillinga gjeld vanlege arbeids- og tilsetjingsvilkår for lærlingar i bransjen.

Vi kan også tilby mange interessante utfordringar i ein hektisk kvardag i spenningsfeltet mellom offentleg og privat verksemd, samt eit godt arbeidsmiljø. Oppstart for stillingane er i august/september 2018.

Kontaktpersonar:

- Gjenvinning: Driftsansvarleg Rune Tarberg
- Kontor og administrasjon: Dagleg leiar Einar Heimdal Tlf: 70 00 70 50

Søknadar kan sendast på e-post til firmapost@reinhaldsverket.no. Husk å legge ved CV.

Søknadsfrist: 1. mai 2018

firmapost@reinhaldsverket.no Tlf: 70 00 70 50 reinhaldsverket.no

sjåfør Bjørn