Saman tek vi vare på ressursane

Julebrosjyre og ekstrasekk i postkassa

4. desember 2020 av Andrea Øien Sæverud

Det er ikkje berre julekort som dukkar opp i postkassa di før jul.

I adventstida vil nemleg alle innbyggjarane våre få tilsendt ein brosjyre og ein ekstrasekk til restavfall. Denne sekken kan du sette ved sida av dunkane dine på hentedagen for restavfall, så plukkar vi han med oss. 

Varig oppgradering

I jula har ein gjerne meir besøk og meir avfall enn elles, og då kan det vere godt med litt ekstra plass. Treng du meir plass i restavfallsdunken heile året, kan du gå opp ein størrelse. Ta kontakt med oss på firmapost@reinhaldsverket.no dersom du ønskjer dette.

Tips og triks

  • Har du lyst til å bli betre på å minimere restavfallet ditt, får du nokre gode tips ved å trykke her. Lite restavfall kan tyde på at du er veldig god til å kjeldesortere eller har eit lågt forbruk.
  • Lurer du på kva som er typisk restavfall? Les gjerne meir her.
  • Treng du meir hjelp til å finne ut kvar du skal kaste ting, sjekk nettsida sortere.no eller last ned appen.

midtside