Saman tek vi vare på ressursane

Gjenbruk og ombruk

Mykje av det vi kastar kan få nytt liv gjennom gjenbruk og ombruk. Heldigvis har vi blitt mykje flinkare å selge, bytte og gi vekk klede, sportsutstyr, møblar m.m. Ved å bruke nettsider og sosiale mediar, er det lett å omsette og kjøpe brukte varer. Noko som ikkje lenger har verdi for deg, kan vere ein skatt for andre!

Ombruk har også blitt meir populært, og stadig fleire ser verdien av å lage noko nytt av noko brukt. Redesign av klede og møblar er i vinden som aldri før og det er berre å hente tips frå bloggar og nettsider eller la kreativiteten få blomstre fritt!

Sko og klede

Reine klede og sko kan du leggje i UFF eller Fretex sine containarar som står plassert rundt om i kommunane.

Tekstilane treng ikkje å vere heile, berre tørre og i knytte sekkar. Den gamle holete t-skjorta di som har gjort sitt kan der få nytt liv som fille!

Oversikt over klescontainerar

Hareid kommune:

  • Hjørungavåg ved Totalbygg (Fretex)
  • MIX kiosken (Fretex)
  • Bunnpris, Hareid (Fretex)
  • Bunnpris, Hareid (UFF)
  • Hareid Kommune (UFF)
  • Coop prix (UFF)
  • Brandal, kaia (Fretex)

Ulstein Kommune:

  • Glopen, Rema 1000 (Fretex)
  • Ulstein Quality Hotel (UFF)
  • Verona Pizza (UFF)
  • Coop Extra Bygg (UFF)

Herøy kommune:

  • Myklebust (Fretex)
  • Meny Fosnavåg (UFF)
  • Spar Fosnavåg (UFF)
  • Kiwi Eggesbønes (UFF)
  • Coop Marked Moltustranda (UFF)
  • Kiwi Myrvåg/Pekas (UFF og Fretex)

Sande kommune:

  • Coop marked Larsnes (UFF)
kommunikasjonsansvarleg og Fretex container
Fotografi, viser klær som henger på kleshenger
tilsette ved brukt og billig Hareid

Bruktbutikkar i nærområdet

Vi har mange flotte bruktbutikkar i nærområdet, og hyggelege og hjelpsomme tilsette hjelper deg å finne fram til skattane! Butikkane tek imot fine brukte ting i opningstid. Dei ønskjer ikkje at folk set frå seg ting og møblar utanfor butikken utanfor opningstid. Butikkane tek ikkje imot sko og klede. Brukte sko og klede kan du levere i ein Fretex eller UFF-container.

NMS gjenbruk Myrvåg

Dragsundvegen 6, 6080 GURSKØY
Telefon: 40445417
Du finn butikken i lokala til Sunnmøre Flissenter.
Kontaktperson: Edith Leinebø, tlf. 46763231
Facebook: NMS Gjenbruk Myrvåg

NMS gjenbruk Ulsteinvik

Sjøgata 13
6065 ULSTEINVIK
Telefon: 45875016
Kontaktperson: Anne Marie Hopland
Facebook: NMS Gjenbruk Ulsteinvik

Minneriet, Herøy

Vågsgata 18
6090 Fosnavåg
Kontaktperson:
Norunn Igesund tlf. 48 33 00 78
eller
Aase Nerem Bø tlf. 46 83 88 10

Brukt & Billig, Hareid

Kjøpmannsgata 65
6060 Hareid
Facebook: Gjenbruk, Brukt og Billig