Saman tek vi vare på ressursane
Eidet greinplass

Hageavfall

Privatpersonar

Du kan levere hageavfall på miljøstasjonen på Mjølstadneset (Herøy) og på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka.

Du kan levere inntil 250 kilo per lass med sortert gras, blad/løv og greiner/stammar inntil 25 cm i diameter kostnadsfritt. Leveranse over 250 kilo per lass kostar kr 1,13 per kilo inkl. mva. overskytande.

Ein kan betale med kort, privatpersonar kan ikkje få ettersendt faktura.
Næringskundar må ha fullmakt for levering av avfall mot ettersending av faktura; dette må ordnast på førehand før ein skal levere avfall. Næring kan også betale med kort på staden dersom dette er ynskjeleg (om ei bedrift berre ynskjer å betale med kort på staden, treng ein ikkje fullmakt).

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,13 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringkundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Sjå her for oversikt over miljøstasjonane og opningstider.

Næring

Mengder inntil 250 kilo er definert som hushaldning og er kostnadsfritt (sortert gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter). Leveranse over 250 kilo per lass er rekna som næring og kostar kr 1,13 per kilo inkl. mva. overskytande.

Røter, greiner og trestammar over 25 cm i diameter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,13 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringkundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

 

Greinplassen på Eidet

Greinplassen på Eidet er sesongopen. Vi minner om at det er mogleg å levere hageavfall på miljøstasjonen når greinplassen på Eidet er stengt.

Greinplassen er no sesongstengt men opnar igjen mandag 3. april 2017.

Opningstider:
Man-tors: 12.00-19.30
Fredag: 08.00-15.00

Laurdagsopne dagar på Eidet 2017:
Det vert halde laurdagsope på Eidet nokre dagar i året, opningstida er då 12.00 - 16.00.
- 29. april
- 13. mai
- 27. mai
- 17. juni
- 1. juli
- 26. august
- 9. september
- 23. september
- 21. oktober

 

Kart Eidet greinplass