Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

7 tips som slankar restavfallet

aug 1, 2019, 11:22 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Fortvilar du over ein fyldig restavfallsdunk? Her er grepa som kan få restavfallet til å rase ned i vekt.

 

1. Lag deg eit godt sorteringssystem

Dess flinkare du er til å sortere, dess mindre blir restavfallet. 

Kjeldesorter alt avfallet ditt heime og lever større ting til gjenvinning på miljøstasjonen.

Då sikrar du at verdifulle materialar kjem tilbake i kretsløpet, og at farleg avfall blir teke hand om på best mogleg måte. 

Start med å lage eit godt system for kjeldesortering under kjøkenbenken.

Finn fram fem behaldarar, som øskjer, boksar eller bærenett. Du treng ein til papir, ein til plastemballasje, ein til glas- og metallemballasje, ein til restavfall og ein til matavfall.

 

2. Ha det ryddig i kjøleskapet100107_kaviar_v02.00_00_17_21.Still016

Har du eit ryddig kjøleskap, unngår du å oppdage ein kjøtdeigpakke bakerst som gjekk ut for fire dagar sidan. I slike tilfelle er det vel kanskje ein viss fare for at du ikkje orkar å opne pakken for å sortere som matavfall og plastemballasje, dermed endar heile greia opp i restavfallet.

Då kastar du pengar frå di eiga lommebok rett i dunken - og naturressursane og klimagassutsleppa som gjekk med for å produsere kjøtdeigen, blei brukt opp til inga nytte.

PS. Det same gjeld dei halvetne tacoglasa som blir ståande bakerst i kjøleskapet. Når tomatsalsaen er meir grøn enn raud, hamnar fort heile glaset i restavfallet. Glas kan gjenvinnast i det uendelege, men då må det finne vegen til nærmaste glas- og metalliglo, ikkje i restavfallet der det går rett til forbrenning.

 

3. Kjøp færre og betre ting.

Still deg sjølv nokre ekstra spørsmål før du dreg kortet, kanskje særleg når det er “megasuperdupersal”. Treng eg dette? Er det av god kvalitet? Eller blir det hengande eller liggande i skapet eller skuffa?

Prøv å kjøpe ting som vil halde lenge, både når det gjeld designet og kvaliteten. 

Finn du noko superbillig på nettet som kan sendast frå Kina omtrent utan kostnad? Vel, faren er stor for at kvaliteten ikkje er så god, og tingen kan fort ende opp i restavfallsdunken.

Sjølv om det ikkje svir i di eiga lommebok, og du berre kan kjøpe noko nytt, er kostnaden likevel stor for andre. Til dømes for dei som kanskje ikkje har fått skikkeleg lønn for å produsere tingen - og for jordkloden som får svi for utsleppa frå den lange reisevegen.

 

4. Bruk fleirgongs i staden for eingongs

Kva med å investere i nokre fine koppar og fat som eignar seg godt til å ta med på stranda, i hagen eller på fjellet år etter år, i staden for å bruke eingongsartiklar? På sikt sparer det både miljøet og lommeboka. Restavfallsdunken din vil merke endringa med ein gong. 

Det same gjeld på badet, sminkeserviettar og eingongsklutar kan i mange tilfelle erstattast med vanlege klutar. 

 

 

5. Sorter ut EE-avfall og farleg avfall

100107_Robot_v5.00_00_05_04.Still006Elektrisk og elektronisk avfall kan du samle i ein boks eller handlenett. Derette tek du det med til miljøstasjonen eller til butikkar som sel tilsvarande produkt. Begge plassar leverer du EE-avfall gratis - anten det er eit stort kjøleskap eller ei lita barneleike.

Batteri og lyspærer hamnar fort i restavfallet, dersom ein ikkje har laga seg ein fast oppsamlingsplass. Kastar du batteri i restavfallet, utset du deg sjølv og andre for brannfare. Kastar du lysrør i restavfallet, kan dei knuse og leke ut ein gass som er farleg å puste inn.

100107_batterier_v2.00_00_16_11.Still012

Det beste for både deg, restavfallsdunken, oss andre og miljøet, er dermed å levere batteri og lyspærer på rett plass. 

 

Farleg avfall, som malingsspann, lim, gass, brannsløkkingsapparat og sprayboksar, kan du levere på miljøstasjonen, inntil 1000 kilo gratis per husstand i året.

 

 

6. Ta vare på det du har

Elektronikk, kle og utstyr, kan lett ende opp i restavfallet når det ikkje fungerer så godt lenger. Men det fins ein kur. Lær deg korleis du gjer enkle reparasjonar. Søk det opp på YouTube, spør folk om råd, eller sett ut jobben til profesjonelle fiksarar.

 

7. Kjøp brukt og gi vekk

Produksjon av nye produkt krev stor ressursbruk og fører med seg store klimagassutslepp. Spar miljøet ved å kjøpe det du treng brukt, og ved å levere ting til gjenvinning i staden for å kaste det i restavfallet.

Bruk Finn.no, bruktbutikkar eller kjøp- og sal-sider på Facebook for å kvitte deg med ting som du trur andre kan ha glede av. La kjentfolk arve barnekle, eller bruk klescontainerane til dei plagga som du ikkje lenger har plass til i skapet - eller til dei plagga som ikkje lenger har plass til deg.

Hugs at du kan kaste også øydelagde kle i klescontainerane - tekstilane kan likevel gjere nytte til dømes som golvmatter.