Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny start for farlege containerar

mar 1, 2019, 08:55 f.m. by Andrea Øien Sæverud

SSR-containerane for farleg avfall på Sandsøya og Kvamsøya står i fare for å forsvinne dersom folk ikkje leverer frå seg malingsrestar, olje og syrer på meir varsamt vis.

- Vi har veldig lyst til å halde fram med å gi innbyggjarane på øyane dette tilbodet, men då må folk tenke meir over korleis dei set frå seg det farlege avfallet, seier kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud ved SSR.

Slik situasjonen er i dag, er det risikabelt både for innbyggjarane som leverer avfall og dei SSR-tilsette som skal tømme containarane.

- Farleg avfall er nettopp det som det høyrest ut som: farleg. Det kan forårsake skade på både menneske, dyr og miljø dersom det ikkje blir handtert forsvarleg, forklarer Sæverud.

Ho fortel at kommunane rundt Ålesund måtte slutte med eit tilsvarande tilbod, etter at ein renovatør fekk syreskader då han skulle tøme ein container med farleg avfall.

- Vi kan ikkje utsette verken innbyggjarane eller dei tilsette for fare, derfor går vi no ut og åtvarer om det som kan bli ein potensielt eksplosiv cocktail av farleg avfall, seier Sæverud.

Blanke ark

 SSR ønskjer no å starte med blanke ark. Dei tømmer containarane heilt fredag 1. mars. Håpet er at innbyggjarane på Sandsøya og Kvamsøya framover kan få levere farleg avfall på ein tryggare måte.

- Vi skal gjere vårt, mellom anna henge opp endå meir informasjon utanpå og inne i containaren. Så håpar vi at dei som leverer frå seg farleg avfall set det skikkeleg frå seg i hyllene utan å stable i høgda. Store ting kan ein sette frå seg på golvet, men ikkje stable i haugar. Alt farleg avfall må også vere merka med innhald, fortel Andrea Øien Sæverud i SSR.

Vårhenting i mai

Enkelte vil seie at kaosleveringa i containarane oppstår fordi SSR ikkje tømmer den ofte nok. Det stemmer at reinhaldsverket ikkje har tømt dei på ei stund, men det handlar om at det feilaktig blir dumpa heilt andre ting enn farleg avfall der.

Mange leverer nemleg frå seg både grovavfall, EE-avfall og andre typar avfall som ikkje går inn under farleg avfall-kategorien. Erfaringa er at dess oftare ein tømmer containeren, dess meir grovavfall kjem det. Slike ting kan ein heller levere på miljøstasjonen i Myklebustmyrane. I mai blir vegen til miljøstasjonen endå kortare.

- 7. mai på Kvamsøy og 8. mai på Sandsøy er tida inne for den årlege vårhentinga av grovavfall, så då har ein sjansen til å kvitte seg med både det eine og det andre på den mobile miljøstasjonen utan å måtte løyse ferjebillett, seier Sæverud.

Opp til folket

 Dersom folk held fram med å bruke containeren til andre ting enn det han er meint for, kan det føre til at tilbodet må avsluttast. No blir det altså opp til innbyggjarane om SSR kan halde fram med å ha containerar til farleg avfall utplassert på øyane, seier Sæverud.

- No startar vi på nytt, og eg har trua på at folket på Sandsøya og Kvamsøya set pris på containerane og vil gjere sitt for å oppretthalde tryggleiken og dermed tilbodet.

 

USIKKER MIKS: Farleg avfall kan ikkje ligge lagra som på bildet. Då kan ein risikere at det rasar, blandar seg saman, og at det oppstår farlege situasjonar. FOTO: SSR.

Farleg avfall risikabelt stabla