Saman tek vi vare på ressursane

Unngå einsame restavfallssekkar

9. januar 2020 av Andrea Øien Sæverud

Ekstrasekken til restavfall trivst best saman med restavfallsdunken.

Dersom du set ut den grøne restavfallssekken på hentedagen for papirdunken, må vi dessverre la han stå igjen einsam og forlatt. Det er kjedeleg for både oss og deg.

Grunnen til at vi ikkje kan plukke med oss ekstrasekken til restavfall dei dagane vi er ute med papirbil og matavfallsbil, er at dersom vi blandar ulike avfallstypane i ein bil, får vi ikkje sendt avfallet vidare til gjenvinning.

Plastemballasjesekkane kan vi ta i same bil som papiret, fordi vi skiljer dei frå resten av papirhaugen når bilane kjem inn på anlegget i Saunesmarka.

Har du liten plass heime og vil bli kvitt julepapir og anna restavfall før neste hentedag, er du velkomen til å levere sekken på din nærmaste miljøstasjon.

Takk for forståinga!